Azumiel wrote:Noen som har lest noen bøker fra StarWars-universet?
Er det noe å anbefale?
"Shadow of the Empire" (populært gjerne kalla episode 5 og ein halv) er rimeleg god, og the Thrawn Trilogy (tre bøker, åpenbart, fyrste heiter... hm... Heir to the Empire eller noko sånt) er tidvis glimrende, skjønt den var skreven før dei nye filmene kom så det er ein god del ting som skurrer kontinuitetsmessig no - fyren har visstok skreve ei ny bok som delvis skal klarne opp litt sånt, dog, meinar lese den ein eller annan gong. Mykje anna bra òg, dog eg har lese lite av det kjenner eg folk som har lese mykje og dei støttar opp under mitt inntrykk - mykje bra her og der, men mykje møkk å sortere bort. Så mitt råd er at du finn nokon som kan anbefale titler for deg.
Prequel-era er det ein del bra òg, men eg har lese mindre der. "Shatterpoint" var ok, gav sårt trengt personlegheit til Mace Windu. Bokformene av TPM og AOTC, særleg TPM, likte eg. Eg høyrer at den såkalla trilogien rundt ROTS-boka (ei bok med sjølvstendig handling som foregår rett før ROTS, ROTS-romanen, ei bok til med sjølvstendig handling som foregår etter ROTS, dog med tre ulike forfattarar) er veldig bra, og planlegg faktisk lese den. Om du er interessert kan eg grave opp titlene.