Epica derimot har eg høyrd temmeleg mykje på. Har nesten berre høyrd dei og Meldrum den siste tida.
Kva skal ein seie om Epica då? Jau, ein ting... ufatteleg bra! Ei meir perfekt blanding mellom metal, female voice, growling, klassisk og opera kan ein neppe finne. Detter bandet er vel det som stend øvst på ''må sjå live'' lista mi. Ikkje det at eg har for vane å vera på konsertar, snarare tvert om, men om Epica kjem til Noreg så reiser eg dit! (Må sikkert ha med ein guide i den byen dei kjem då men. Byretningsvill... kven?) Må vel utvide ''signatursamlinga'' mi frå bandet, som består av eit kort så langt... (Takk Siri Sedai)
No får me berre håpe at Simone blir frisk att snart og at det kanskje kan koma eit nytt album etter at alle turneane dei skal ha er i boks.
Og til dykk som ikkje har høyrd Epica, men likar rock/metal eller opera/klassisk, så veit de no kva som bør stande øvst på lista over nye band som må høyrast.


