Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2860
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Sun Aug 23, 2020 15:10 Har de Ekeberg-bøkene, men likte de aldri noe særlig.
Jau, som sagt, er ikkje superspesielt. Meir av den 'ah, då var den lese'-typen me snakka om. Skjønt dei har ein fin tendens til å byggje opp litt momentum mot slutten av kvar bok, og eg prøver å lese litt på norsk innimellom. Dei sneik i lesekøen mest fordi det var mellom få ting i hylla som var på norsk, og eg hadde ikkje lese noko på morsmålet sidan i fjor ein gong.
Asphyxiate wrote: Sun Aug 23, 2020 15:10 Hvitekrist er skrevet så godt, at det nesten er som skjønnlitteratur så den anbefales.
Har høyrt gode ting om den før! Notert!
Asphyxiate wrote: Sun Aug 23, 2020 15:10Tegneserier skulle jeg ønske jeg leste mer av, men har stort sett fått med meg de norske tegneserieromanene som har kommet de siste årene (Kruger og Krogh, John Jamtlis bøker m.m.). Mye bra der faktisk.
Har ikkje lese nokon av dei, diverre. Siste norske teikneserieromanane er las var Øystein Runde sine Olav Sleggja-bøker. Dei er imidlertid knallgode!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Eivind
Ta’veren
Ta’veren
Posts: 1430
Joined: Thu Apr 28, 2005 18:18
Location: Oslo

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Eivind »

Har kjøpt boka "Blood and Oil: Mohammed bin Salman's Ruthless Quest for Global Power", en smakebit her:
https://www.vanityfair.com/news/2020/08 ... isappeared
Prince Sultan bin Turki II was cut off from the Saudi royal family’s cash flow after criticizing the regime. So he appealed to Prince Mohammed bin Salman for help—and was never seen again.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2860
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Endeleg byrja på Sanderson sine Mistborn-bøker. Snart ferdig med bok 1, og det lever faktisk opp til ryktet sitt. Er ikkje på nivå med Rothfuss eller Lynch -- for kva er vel det -- men tonen og forteljarstilen minner meg lell, på ein god måte. Verda er brutal og relativt realistisk, men som lesar følest den ikkje grimdark à la Martin, Bakker eller Erikson -- ironisk nok, sidan den bokstaveleg talt er dekka av oske og befolka i stor grad av slavar. Det, kombinert med litt uortodoks plotting og ein slags røverikonspirasjon i hjartet av historia, er vel det som gir meg litt Lynch-vibbar (trass i langt mindre hypervittig dialog). Blant det betre eg har lese av fantasy i seinare år, og gler meg til å fortsetje med serien. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2860
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Sidan november har eg fyrst lese Matt Ruff sin roman Lovecraft Country, som kan tilrås. Likte den nok til at eg såg piloten til serien etterpå, den var OK, men fenga ikkje på same måte som boka, så eg gav meg etter episode to der. Så følgde eit par novellesamlingar av Neil Gaiman, som (som novellesamlingar flest) var litt ymse, nokre historiar fall veldig i smak, anna ikkje i det heile, og mykje ein stad mellom. No les eg Fredens fiende av Jan Ove Ekeberg, som er heilt grei historiefiksjon med ganske god driv, men som eg neppe ville prioritert om eg ikkje var småinteressert i settinga/perioden. Så skal eg fortsetje på Mistborn-trilogien.

Innimellom desse har eg lese ein del teikneserieromanar. Ed Brubaker sin spionthriller Velvet kan varmt tilrås, men superskurkdramaet Incognito av same mann følte eg var litt meir forgløymeleg trass i eit meir originalt og spanande premiss. Så las eg Scott Snyder sine fyrste tre store historiesyklusar om Batman; Night of Owls (som eg hadde lese før ein gong), Death of the Family (ditto) og Zero Year (som var ny for meg), samt hans Joker: Endgame. Som ein kan vente seg etter så mange tusen sider er kvaliteten litt opp og ned, men i det store og heile er ryktet Snyder har som ein av dei beste lengre forfattarskapa av Batman svært velfortent. Særleg Death of the Family er minneverdig, og ein av dei beste Joker-forteljingane eg har vore borte i. Han skal dessutan ha ekstra skryt for å klare skrive ein overtydande og spanande Riddler-karakter, som er (forståeleg) kjent som svært vanskeleg. Etter Snyder sin Batman følgde eit kjært impulsgjensyn med den dårande norske vevteikneserien Havet. Så las eg eit nytt volum i Rainbow Rowell si fortsetjing på Vaughans The Runaways, som fortset med å gjere ein solid og underhaldande jobb utan å forsøke noko tilsvarande episk som den opphavlege serien (som eg tykkjer er smart). Deretter prøvde eg ein av Brian Michael Bendis' tidlege teikneseriar, før han slo gjennom som Marvel-forfattar, ein svart/kvitt teikneserieroman kalla Goldfish om ein småsvindlar som vender heim etter mange år i utlendigheit. Kona (vanlegvis ein ganske stor Bendis-fan) var ikkje så begeistra for den, men eg likte den svært godt! Så kom Egmont ut med volum tre av Familien Campbell, om ein ekspirat og hans to døtre, ei herleg blanding av action, humor og drama i beste fransk-belgiske stil, der mitt einaste klagepunkt eigentleg er at voluma er svææææært tynne med tanke på prisen.

Så byrja eg på vårens store prosjekt: Bind 1-gjennomlesingar. I mange år har eg samla opp volum 1 av ulike lengre teikneserieverk -- somme har eg lese før, somme ikkje -- der tanken er å lese alle på rad og så avgjere kven av dei eg likte best og kjøpe resten av den serien fyrst. Driv framleis på med dette, men har komme gjennom nokre allereie. Fyrst las eg fyrste bind av The Wicked + The Divine av Kieron Gillen og Jamime McKelvie, eit fantasyverk om gamle gudar (tenk Baal, Odin, Minerva, Sekhmet, Amaterasu, og så vidare) som inkarnerar seg i moderne tenåringar cirka ein gong kvart hundreår, og inspirerer menneskeheita som artistidol og liknande. Likte denne ganske godt, trass i mi ikkje-eksisterande musikkinteresse. Deretter Broodhollow: Curious Little Thing av Kris Straub, eit slags sjarmerande horrordrama. Opphavleg ein vevteikneserie, dette er fyrste fysiske samlinga av stripene. Vellaga, men ikkje heilt min type historie, så trur ikkje denne blir prioritert vidare. Så ei omattlesing, Garth Ennis' Preacher: Gone to Texas. Eg las heile Preacher ein gong for, tja, femten-ish år sidan, og sjølv om eg likte mykje av det, var det mykje eg tykte var barnsleg, unaudsynleg ekkelt, eller berre simplistisk. Kan no leggje til aldri så lite mannsjåvnistisk til den lista. Det einaste volumet eg eig er det fyrste, eg lånte resten av ein kamerat sist gong, og eg tenkte at eg kan jo sjekke om smaken min har endra seg. Det har den ikkje, ikkje nemneverdig. Det var mykje her eg likte, men tinga eg ikkje likte var der framleis, og eg hugsar tydeleg at det blir meir av den siste kategorien etter kvart som historia fortset. På den andre sida likte eg dette fyrste volumet ganske godt, trass i problemområda, både fyrste gongen eg leste det og no, så glad eg bestemte meg for å inkludere det i denne gjennomlesinga av fyrstevolum der eg ikkje eig resten. Så prøvde eg Mike Carey sin The Unwrittten -- har faktisk to volum her, sidan eg fann volum 2 billeg på Fretex ein gong i tida -- og her hadde eg høge håp sidan eg elskar hans Lucifer. Og jau, dette er bra saker! Sonen til ein Harry Potter-esque forfattar (berre hundre gonger meir populær) deler namn med hovudpersonen til faren, og etter faren si mystiske forsvinning etter bok tretten har han levd livet i skuggen av den oppdikta namnebroren. Men så byrjar det skje rare ting, og det byrjar bli klart at i Unwritten er skillet mellom fiksjon og røyndom ... justerbart. Trur kanskje dette fenga endå meir enn Wicked + Divine, så i kampen om å bli den eg kjøper resten av leder denne førebels. Så gjenlas eg Fight for Tomorrow, ein undergrunns-kampsport/menneskehandel teikneserieroman av Brian Wood som eg berre vagt mintest og trudde kanskje var eit volum 1. Det var den ikkje. Den er ikkje dårleg, akkurat, men det var openbart ein grunn til at eg ikkje hugsa døyten av den ... Dei siste eg nådde gjennom før eg skriv denne posten var Fables: Legends in Exile av Bill Willingham, og Lions, Tigers, And Bears: Fear and Pride av Mike Bullock, begge gjenlesingar. Fables har eg lese i sin heilskap tidlegare, digitalt. Det er ei historie om tradisjonelle eventyrfigurar (Snøkvit, Den store stygge ulven, etc.) som lever i løyndom i dagens New York. Verdsbygginga og konseptet er svært bra, historiane er litt opp og ned, og dialogen er ganske klein. Volum 1 hugsa eg likevel som eit glimrande introduksjonsverk, bygd rundt ei relativt sjølvstendig lita mordmysteriehistorie. Og det var den eigentleg. Var temmeleg sikker på at eg ikkje kom til å ville kjøpe meir av denne, men samtidig trudde eg at eg ville like å lese omatt fyrstebindet, og etter gjenlesingar trur eg at eg er einig med meg sjølv på begge punkt. Lions, Tigers, And Bears landar litt på same hylle: Eit glitrande premiss (magiske leikebamsar som vernar born om natta i ein hemmeleg krig mot skumle ting i skåp og under senger) og nydelege teikningar, men ei svært flat, forutsigbar og kjedeleg historie. Vel er denne serien mynta på litt yngre lesarar, men born klarar vitterleg historiar med litt meir djupn og uføreseielegheit enn dette.

Phew. Dette vart lengre enn eg hadde tenkt. Kanskje eg burde sjekke innom tråden oftare enn kvar fjerde månad.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Sitter
Sitter
Posts: 728
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Allikevel veldig kult å lese. Bra med tips til tegneserier her. Har håp om å få opp tegneserieinteressen igjen snart. Det er jo noe jeg alltid har likt! Kan jeg spørre hvordan du skaffer det og i hvilket format? Interessert i de Batman-seriene, men det kan ofte være litt vanskelig å vite akkurat hvilke utgaver man skal gå for når man feks er på Outland (fysisk eller nettet).

Leser selv Shazia Majid - Ut av skyggene nå. Ikke kommet langt, men interessant. Handler om likestillings- og integreringsprosessen for innvandrerkvinnene f.o.m. 70-tallet.
Manbearpig
Post Reply