Seanchan

Hovudstad: Seandar
Herskar: Keiserinnen Radhanan
Banner: Gyllen ørn i flukt som grip tre lyn i klørne.
Posisjon: Seanchan er eit eige kontinent som ligg vest for Arythhavet.

Geografi

Seanchan består av to store landmasser, adskilt av eit relativt smalt stred, og til saman sju øyer mellom og rundt desse. Samla er Seanchan større enn Randland, Ødelandet Aiel og Shara til saman. Det ligg vest for Arythhavet, med Morenalhavet vest for seg igjen. I nord finn ein ei fjellkjede, og nord for den eit Pestland, på same måte som i Randland, Ødelandet Aiel og Shara. Det kan virke som om dette er ei fortsetjing av Dhoom-fjella, og at desse dannar ein rygg rundt heile jorda på denne breiddegrada. Den har til og med same namn. Landskapet elles er i stor grad prega av fjellkjeder og elver.

Seanchan er, i tillegg til Shara, den einaste staden ein kan finne elfenbein og silke.

Seanchansk samfunn

Seanchan har eit sterkt klassedelt samfunn, der reglane og normene for samhandling mellom grupper er svært strenge. Øvst i systemet finn ein dei adelege, eller Ætta som dei vert kalla, med Keiserinna aller høgast, medan da’covale – dei som er eigedom – for det meste er nederst.

Da’covale, eller berre covale, eigedom, er som namnet antyder slavar, som vert kjøpt og selt på lik linje med andre handelsvarer. Sjølv om ein del covale er nederst på den sosiale rangstigen, som til dømes damane, finst det slavar med høgare status. So’jhin er namnet på personlege tenarar for medlem av Ætten, som går i arv. Desse står over vanlege borgarar og handelsmenn, som igjen står over slaver av lågare stand. Det å verte gjort til so’jhin er faktisk noko vanlege borgarar gjerne vil oppnå, då det er ein av få måtar å oppnå høgare status enn den ein er fødd med. At ein mister fridomen for seg sjølv og etterkommarane sine i fleire generasjonar framover, vert ikkje sett på som ein høg pris å betale for dette.

Status vert ofte vist på to måtar: Lange, lakkerte fingernegler og frisyre. Vanlege medlem av Ætta vil barbere begge sidene av hovudet, og berre leggje att ei stripe over midten, medan medlem av den keiserlege familien vil barbere heile hovudet. Ein Ættestemme vil barbere den venstre sida av hovudet, medan håret på den høgre sida er fletta. Ein Stemme for Trona vil gjere motsett. Vanlege borgarar vil ikkje barbere nokon del av hovudet, og om ein vert skalla vil han bruke parykk. Ingen viser offentleg at dei er skalla.

Alle adelege vil ha svært lange neglar, og til høgare status til fleire av dei er lakkert. Frå dei lågaste adelege som kun har negla på vetlefingeren lakkert, til medlem av den Keiserlege familie som har tre lakkerte negler, med berre peikefinger og tommel utan lakk. Keiserinna eller Keisaren vil ha alle fem negler lakkert. Lakken er i fargen til Huset dei tilhøyrer.

Samtale mellom Ætta og dei med lågare status vert som oftast gjort indirekte, gjennom ein Ættestemme, vanlegvis ein so’jhin, som snakker for den adelege. Eit subtilt teiknspråk har vorte utvikla, for at adelsmannen eller kvinna skal kunne gje Stemma instruksjonar. Det vert sett på som ei stor ære å få snakke med nokon av høgare rang.

Spesielt for adelsstanden i landet er òg soe’feia – Sannheitsseiarar. Desse har som oppgåve å seie sanninga, slik dei ser den, uansett kor vondt eller flaut det måtte vere for den dei tener. Soe’feia har stor fridom med kva dei kan seie, og kan tildele ei straff, eller botsøving, om herren/frua deira har gjort noko dumt. Dei kan heller ikkje verte kommandert eller straffa på noko vis.

Ære er i det heile svært viktig i det seanchanske samfunnet. Det er svært viktig å halde på æra, og ein av følgjene av dette er at eit løfte, når det er gitt, er ubetinga. Uansett kva status ein har, om ein gjer eit løfte, skal ein oppfylle dette. Kor «god ære» ein har er reflektert i om ein kan sjå andre i augene eller ikkje. Ein seier at ein «er sei’taer» eller «har sei’taer», der sei’taer tyder jevnt eller stødig blikk, om æra er i behold, eller at ein «har ansikt». I det motsette tilfellet, om ein har «mista ansikt», seier dei «er sei’mosiev», eller «har vorte sei’mosiev», der sei’mosiev tyder «senka blikk» eller «nedslått blikk». Ein kan verte sei’mosiev anten ved det ein sjølv har gjort eller ikkje gjort, eller det ein annan person har gjort eller ikkje gjort.

Ein annan ting som gjennomsyrer livet i Seanchan, er overtru. Folket er svært overtruiske, og legg stor vekt på ulike varsel, omen, som kan sjåast i mangt. I tillegg til dei mange teikna, er det vanleg å få damane til å lese framtida deira. Dette er truleg det same som Talentet Forutsigelse, kjend blant Aes Sedaiar i Randland, men etter kor vanleg det verkar å vere, er det svært tvilsamt at alle er ekte Forutsigelser.

Krystalltruna og den keiserlege famile

Keiserinna eller Keisaren styrer landet frå Krystalltruna. Den er ein ter’angreal som gjer at alle som nærmer seg får ei føling av ærefrykt og undring. Kven som vil følgje etter den noverande herskaren vert avgjort av blodsband og kven som viser seg best eigna. Den noverande keiserinna oppfordrer til kniving mellom borna sine, for å finne ut kven som har dei beste eigenskapane.

For tida er det den nest eldste dottera, Tuon, som er keiserinna sin favoritt. For å vise seg verdig har ho blant anna iscenesatt si eige forsvinning to gonger, for so å dukke opp på eit verst mogeleg tidspunkt for slektningane hennar, medan dei prøvde å overta hennar posisjon.

Militæret og Sannheitssøkarar

Seanchan har ei svært dyktig hærstyrke, som har halde eigenskapane sine vedlike gjennom dei mange opprøra som har vore i landet sidan Luthair Paendrag og etterkommarane hans overtok det. Den har mange dyktige generalar, godt trena og disiplinerte soldatar, damane og ei rekkje dyr som har ulike gode eigenskapar i krig. Til dømes raken som vert brukt til speiding og kommunikasjon. Hæren er kjend som den Uovervinnelege Armé grunna suksessen den har hatt.

Den mest frykta delen av dei militære styrkene er Vigilvaktene. Desse er dei personlege livvaktene til den keiserlege familie, og vil ikkje nøle med å døy i tenesta. Vigilvaktene består av både menneskje – alle da’covale – og ogurar.

Ei anna gruppe med keiserleg sikkerheit som oppgåve, men ikkje direkte knytt til det militære, er Sannheitssøkarane. Desse fungerer som eit hemmeleg politi, med oppgåve å finne fram mørkefrendar og avsløre komplott mot Keiserinna. Dei har stor makt, på den måten at ingen er immune mot arrestasjonar og forhøyr frå dei. Ikkje ein gong Keiserinna og familien hennar er trygg, men om Sannheitssøkarane tek feil i mistankane sine i eit slikt tilfelle, er dei sikra dødsstraff. Det er ikkje lov å utgyte blod under forhøyr av medlem av den Keiselege familie, so dei har utvikla raffinerte metodar for å unngå dette, men samtidig få fram svar.

Sannheitssøkarane bruker blant anna Lyttarar for å samle informasjon. Desse er hemmelege agentar med oppgåve å høyre kva som vert sagt, og rapportere til Søkarane om dei høyrer noko mistenkjeleg. Desse kan ein rekne med å finne overalt. Alle veit dei er der, berre ikkje akkurat kven dei er.

Historie

Før han døydde sende Arthur Haukevinge ein hær leia av son sin Luthair Paendrag Mondwin over Arythhavet. Då den kom til Seanchan fann dei eit kontinent i fullt kaos. Fram til denne tida, for omlag tusen år sidan, hadde Seanchan bestått av mange nasjonar som heile tida vart delt, erobra eller utvida. Det hadde vore krig nærast konstant sidan Øydeleggjinga. Dei fleste av desse var styrt av Aes Sedaiar, som brukte Krafta for det den var god til. Renker og samansvergingar var normen, men til sjuande og sist måtte kvar og ein setje seg sjølv fremst. Lojalitet vart sett sett ned på, og snikmord var den vanlegaste dødsårsaka blant Aes Sedaiane.

Luthair og etterkommarane hans klarde etterkvart å erobre heile det intrigeinfiserte området, faktisk til dels på grunn av alle intrigene. Hammaren, som Luthair vart kalla, sitt viktigaste våpen vart etterkvart Aes Sedaiane. Etter ei tid vart han oppsøkt av ein Aes Sedai, Deain, som hadde med seg ein annan Aes Sedai i band. Ho hadde laga ein ter’angreal som bestod av eit halsband og eit armband, bundne saman med ei lekkje. Ter’angrealen, ein a’dam, hadde den eigenskapen at om ei kvinne som kunne lede Krafta hadde på seg armbandet, kunne ho kontrollere evna i ei anna kvinne som hadde på seg halsbandet.

Luthair, som hadde arva eit svært negativt syn på Aes Sedaiar frå far sin, var ikkje sein om å gjere seg nytte av dette. Damane – dei Bandlagte – vart snart det viktigaste leddet i hæren hans, og med deira hjelp vart heile Seanchan lagt under eitt styre, sjølv om det tok lang tid. Befestelsen, som maktovertakinga vert kalla, tok heile trehundre år, og det vart ikkje slutt på uro og opprør før endå to sekel seinare.

Etter Befestelsen og etter at landet var bygd opp att, byrja førebuinga for heimreisen. Luthair var arvingen etter Artur Haukevinge, og han hadde eigentleg tenkt å gjere Seanchan til ein del av det imperiet. Etter å fått melding om Haukevinge sin død slutta det å kome meldingar frå heimlandet, so Luthair konkluderte med at noko hadde skjedd med imperiet til faren. Då bestemte han seg for å bruke Seanchan til å, om nødvendig, gjenvinne det tapte og hevne far sin.

Etter å bygd og samla skip i to generasjonar, var tida inne for Corenne – Gjenkomsten. Fyrst ute var Forgjengarane, Hailene, som med ei flåte på femhundre skip segla til Faelm. Etter fulgte tusenvis av fleire skip, med ikkje berre militære, men og nybyggjarar som hadde med seg heile livet sitt over Arythhavet. Bønder med buskap, handelsmenn og handverkarar strauma alle inn til dei store havnene i Tanchico og Ebou Dar.

Frå bøkeneVis/skjul teksten

Etter å ha vorte slått tilbake ved Faelm kom seanchanarane sterkt igjen, og har no lagt under seg Tarabon, Altara og Amadicia. Corenne – Gjenkomsten – har kome, og seanchanske nybyggjarar har spreidd seg utover dei sørvestlege delene av Randland. Samtidig har Tuon kome attende til Ebou Dar etter å ha vorte bortført av Mat og til sist fullbyrda ekteskapet deira, og gjort Suroth til da’covale som straff for at ho sendte Elbar for å drepe ho.

I sjølve Seanchan rår det no kaos, etter at keiserinna saman med store deler av den keiserlege familie vart myrda av Semirhage. Det er nærast full krig mellom fleire grupperingar som freister å ta makta. Meldinga om dette har akkurat kome til Randland, og kva følgjer det vil få her gjenstår å sjå.

Viktige personar

Tuon Athaem Kore Paendrag – De Ni Måners Datter og favoritten til keiserinna.
Suroth Sabelle Meldarath – Høgbåren adelskvinne og mørkefrende.
Almurat Mor – Sannheitssøkar
Furyk Karede – Banner-general i Vigilvaktene. Livvakt for Tuon, og har redda livet hennar.
Egeanin Tamarath – Skipskaptein, opphøgd til Ætta.
Anath Dorje – Sannheitsseiar for Tuon.
Renna Emain, Bethamin Zeami og Seta Zarbey – Sul’dam.


Artikkel om A’dam, damane og sul’dam

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne flotte artikkelen!
Sitat:
A man who will not die to save a woman is no man.
Shieransk ordtak

In the Mirror of Darkness,
Den Store Jakten