Graendal, Kamarile Maradim Nindar (ekte namn).
Yppig og vakker, med krøllete raudgyllent hår.
Kamarile Maradim Nindar var ein kjend asket som levde eit enkelt liv, og sa at alle andre burde gjere det same. Ho hadde dedisert livet sitt til å hjelpe dei med psykiske problem gjennom fine manipulasjonar av menneskesinnet - noko ho kanskje var den flinkaste i verda til. Slik kunne ho hjelpe sjølv dei som den Eine Krafta ikkje kunne hjelpe.
Ti år etter at Boreholet hadde vorte laga, snudde ho opp ned på livet sitt. Frå å vere ein asket med ein svært beskjeden livsstil, gjekk ho til å vere ein hedonist som gjorde alt for å nye livet mest mogleg. Det viktigaste i livet hennar var no sensuell og seksuell nyting.
Ho var på ingen måte nokon militær leiar, men var svært dyktig når det gjaldt å skape intrigar, og å øydeleggje sinna til menneske, og gjorde mykje nytte for seg på dei områda.
«Graendal conquered territories as surely as any of the Shadow’s generals, but her battlegrounds were her enemies’ minds.»
The World of Robert Jordan’s The Wheel of Time.
Etter å ha vorte fri, slo Graendal seg ned i Arad Doman, i eit palass ikkje langt frå Tåkefjella under namnet Fru Basene. Medan ho på vanleg måte levde i luksus med mange tenarar – alle nærast øydelagd av Tvang – kasta ho Arad Doman inn i kaos.
I byrjinga samarbeida ho litt med Asmodean, før han vart med Lanfear, men i ettertid har ho konspirert mykje med Sammael, Rahvin og Lanfear. Spesielt nært var samarbeidet med Sammael. Til dømes var ho med på å spreie Shaidoane over store deler av det sørlege og vestlege Randland.
Etter at Sammael døydde, sneik ho seg inn i palasset hans i Illian, for å leite gjennom gjenstandane hans. Ho fann der ein svak angreal, i form av ein liten og enkel ring. Den einaste angrealen me veit at nokon Fortapt har.
A fool puts a burr under the saddle before she rides.
Les den første boka fra serien nå!