Padan Fain

Vi gjør oppmerksom på at følgende tekst kan inneholde spoilere.

Titlar:

Padan Fain, Ordeith, Jeraal Mordeth.

Utsjånad:

Ein tynn, middelaldrande mann, skildra som røyskatt-liknande.

Historie:

Då me møter Padan Fain har han vore mørkefrende i nesten 40 år. Han vart valgt ut av Ishamael (eller den Mørkaste sjølv) til å vere jakthund, i jakta på den Gjenfødte Dragen. Dette fordi Skuggen visste at Dragen var fødd igjen, og budde i det området Fain dreiv tuskhandel. Dei siste åra før handlinga i Verdens Øye, hadde Fain vorte ført til Shayol Ghul etter å ha vore i Tvillingelvene. Her vart minnene hans dratt ut, og det viktige for jakta hans mata inn att, saman med noko anna. Han fekk evna til å sanse kvar Rand, Matrim og Perrin befant seg, etter kvart spesielt Rand.

Etter at han møtte Mordeth i Shadar Logoth, og Mordeth prøvde å ta sjela hans, har Padan Fain vorte farlegare enn nokon gong, og han har fått fleire nye evner: Han kan «sjå» mørkefrendar, skape illusjonar, overføre ein frykt til personar ved berøring, og han har Mordeth si evne til å påverke personar på ein vond måte. Og han arbeider no ikkje for andre enn seg sjølv, då samansmeltinga med Mordeth gjorde han fri frå bandet til den Mørkaste. Han arbeider truleg mot Rand sin død, då Fain hatar han. Det fordi han meiner det er Rand sin feil at han vart gjort til den Mørkaste sin jakthund.

Han følgde etter Rand og dei andre gjennom Vegane, der han overlevde Machin Shin, den Svart Vinden som steler sjeler, til Fal Dara, der han vart fanga av soldatar, men seinare frigjord av andre mørkefrendar. Valeres Horn, som og vart stelt, tok han med seg til Tomans Hovud.

Etter Tomans Hovud, der han mista både Hornet og dolken frå Shadar Logoth, har han reist rundt og brukt evnene sine for å Fyrst hjå Kvitekappene, der han som Ordeith vart rådgivar for Pedron Niall. Han brukte dei for å lokke Rand til Tvillingelvene, ein plan som ikkje fungerer.

Etter at Perrin, til Fain sine store ergring, leia Tvillingelv-folket til siger over trollokane, reiste Fain vidare mot det Kvite Tårnet. Her fekk han audiens hjå Elaida, der dei snakka om Rand, før han sneik seg ned i lagerromma, for å finne dolken frå Shadar Logoth. Etter å ha drepe ei novise som overraska han, vart han fanga av Alviarin, men sett fri like etterpå, då han overbeviste ho om at han var ein viktig mørkefrende.

Etter å ha budd hjå ein familie av mørkefrendar i Caemlyn ei stund, gjorde han seg sjølv til rådgivar for Toram Riatin, som gjorde opprør mot Rand i Cairhien. Då Rand besøkte leiren til opprørarane, vart han nesten drepen av Fain i tåka skapt av bobla av ondskap. Såret som dolken frå Shadar Logoth gav har framleis ikkje vorte lega. Det siste me har sett av Padan Fain var i Madding, der han drap tre av dei svarte asha’manene, før han angreip Rand, ein kamp som vart avbroten av vaktmenn.

Padan Fain er ikkje lenger ein mørkefrende, men speler kun på lag med seg sjølv, og han er ein av dei farlegaste mennene i Randland.

Sitat om Padan Fain:

«More than that. Worse than that. Padan Fain was the Dark One’s creature to the depths of his soul, but I believe that in Shadar Logoth he fell afoul of Mordeth, who was as vile in fighting the Shadow as ever the Shadow itself was. Mordeth tried to consume Fain’s soul, to have a human body again, but found a soul that had been touched directly by the Dark One, and what resulted … What resulted was neither Padan Fain nor Mordeth, but something far more evil, a blend of the two. Fain – let us call him that – is more dangerous than you can believe. You might not have survived such a meeting, and if you had, you might have been worse than turned to the Shadow.»

– Moiraine om Padan Fain

Tusen takk til Incanus, som har skrevet denne artikkelen.
Sitat:
An Aes Sedai's gift always has a hook in it.
Ordtak

Assurances,
Skyggen Stiger
Wheel of Time

Les den første boka fra serien nå!